Font size:      

Framdriftsrapport for Divvun

Nr 12, desember 2005

Gjennomført arbeid

I desember har arbeidet med det nye namneleksikonet gått fleire steg framover, elles som vanleg. Arbeidet har vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • tekstinnsamling:
    • korpuskontrakt: kontraktane vart ferdige frå vår side, og vi ventar no på dei siste tilbakemeldingane frå juristane. Deretter er vi endeleg klare til å samla inn tekst i stor skala.
    • innsamling: vi har hjelpt omsetjarane av det lulesamiske nytestamentet, og på kjøpet fått den fyrste store lulesamiske teksten i korpuset vårt. I tillegg har vi etablert kontakt med Odin-redaksjonen, som er positiv til samarbeid.
  • korpusorganisering: arbeidet med infrastrukturen har gått vidare i desember òg medan vi ventar på at arbeidet med kontraktane skal bli ferdig.
  • Lingvistisk arbeid:
    • lulesamisk: lite har skjedd med lulesamisk i desember, det meste av det lingvistiske arbeidet vart gjort med nordsamisk.
    • nordsamisk: arbeidet med avleiing og samansetjing har avdekka ei ny stor grop i normeringa av nordsamisk: kontraksjon ved samansetjing. Det finst visse retningslinjer i Nickel, men ingen eintydige, normative reglar. Praksis går ofte i mot det som blir oppfatta som norm. Saka er sent over til SGL.
    • namneleksikon: vi har arbeidd vidare med det nye namneleksikonet, og har i praksis bestemt oss for å satsa på risten.no. I tillegg hadde vi eit langt møte der vi gjekk grundig gjennom organiseringa av og strukturen til namneleksikonet, og resultatet er at vi vil bruka ein modell som ligg nære den som alt finst for termbasen til SD. Dette har viktige konsekvensar for risten.no:
      • alle namn (stadnamn, departementsnamn m.m.) vil bli flytta over frå den noverande termbasen til den nye namnebasen når vi er klare
      • sjølv om namnebasen og termbasen er ulike basar (termsamlingar), vil mesteparten av arbeidet med den tekniske delen av dei vera lik for dei to basane
      • for brukarane vil det ikkje bli annan skilnad enn at dei vil kunna få treff i begge basane. Dette vil i så fall koma tydeleg fram
      • krava til risten.no vil bli høgare når det gjeld driftstryggleik, stabilitet og dataintegritet når det blir fleir som arbeidet med han. Dette betyr òg at Divvun-prosjektet vil leggja ned det arbeidet som trengst for å få til dette. Arbeidet blir gjort med tanke på det som trengst i Divvun-prosjektet, men vil automatisk koma SD-termbasen, og det arbeidet som blir gjort der, til gode.
      • arbeidet med namnebasen vil òg ta store steg framover når det gjeld å leggja til rette for nye termsamlingar i risten.no, samlingar som blir liggjande parallelt med den noverande basen og den nye namnebasen.
  • Termbasen: sjå over om namneleksikonet. Heretter vil eg ikkje rapportera for seg om termbasen til SD, alt arbeid vil i praksis bli integrert med arbeidet med namneleksikonet.
  • Stavekontroll: vi har ikkje gjort vesentleg arbeid med stavekontrollen i oktober
  • Utlysing av delar av prosjektet: alle tilbakemeldingar frå styret, både frå styremøtet og seinare, vart inkorporert, og ny versjon av dokumentet om utveljingskriterium vart sendt til styret for godkjenning.

Framdrift

Prosjektet har gått framover etter planen, men arbeidet med utlysinga tek tid.

Last modified: $Date: 2006-01-13 11:45:33 +0100 (fre, 13 jan 2006) $, by $Author: sjur $

by Sjur N. Moshagen