Framdriftsrapport for Divvun

Nr 16, april 2006

Gjennomført arbeid

I april gjekk arbeidet med tekstinnsamlinga fleire steg framover, med kontrakt og tekst frå to av dei viktigaste institusjonane (NSI og Min Áigi), og arbeidet med orddelingsmodulen gjekk fint framover. Prosjektleiar var på farskapspermisjon siste halvparten av april. Arbeidet har vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • tekstinnsamling: Kåfjord kommune tok sjølve kontakt med oss, og ville gje oss tekstar, NSI signerte kontrakta, Min Áigi signerte og leverte tekst, og Børre var ei veke på reise til viktige tekstprodusentar
  • korpusorganisering: meir arbeid med forfining og feilretting av verktya våre i april òg.
  • Lingvistisk arbeid:
    • lulesamisk: heile ordboka til Anders Kintel er no lagt inn, med unnatak av eit 50-tal problematiske eller usikre ord — desse vil bli sjekka manuelt og ev lagt inn seinare. I tillegg vart det gjort ein god del forbetringar av leksikonfilene.
    • nordsamisk: mykje vart gjort for å førebu leksikonfilene for bruk til orddeling. I tillegg diskuterte vi visse endringar i namneleksikona.
  • namneleksikon: noko arbeid vart gjort, sjølv om prosjektleiar var borte på permisjon.
  • Orddeling: viktige forbetringar av den opphavlege modellen vart gjort, og vi har no på plass planane for ein riktig god orddelingsmodul basert på våre eigne program.
  • Utlysing av delar av prosjektet: svarfristen var 18. april, og det kom inn to svar: frå Polderland, og frå Pasanet/Lingsoft. I tillegg kom det eit brev frå eit tredje firma, *TALŌ, som konkluderte med at dei ikkje kan nytta materialet vårt, og vil halda fram på eiga hand. Det stemmer reint faktisk ikkje, og vi la ned mykje arbeid i å koma dei i møte, samt gje dei all den informasjon dei trengte, og mykje meir enn dei ba om. At dei likevel ikkje ville gje noko tilbod er deira sak. —Informasjon vart sendt ut direkte til i alt seks firma, i tillegg til at sjølve utlysinga låg tilgjengeleg i den relevante EU/EØS-basen. Vi hadde håpa på større respons, men to seriøse tilbod er nok til å tilfredsstilla kravet om reell konkurranse. Arbeidet med å vurdera tilboda kom ikkje i gang i april, sidan prosjektleiar var på farskapspermisjon.

Framdrift

Prosjektet har i all hovudsak gått fint framover i april.

by Sjur N. Moshagen

 
UiT Norgga árktalaš universitehta