UiT > Divvun
 
Font size:      

Framdriftsrapport for Divvun

Nr 2, januar 2005

Arbeid

Prosjektarbeidet har kome godt i gang i januar. Det har vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • konvertering til Unicode: konverteringa er i praksis over, men det står att å skriva noko dokumentasjon enno. Nokre småsaker kan enno dukka opp, men dei burde i så fall ikkje ta mykje tid. Tomi har gjort det meste av dette arbeidet, i lag med Trond og Sjur.
  • dokumentasjonssystemet: Børre har sett opp og fått i gang dokumentasjonssystemet, og det var ved utgangen av januar langt på veg ferdig. Det stod att ein del dokumentasjon av systemet, men arbeidet no er å ta det i bruk, og gje folk den opplæringa dei treng for å bruka det. I tillegg til Børre, har Sjur og Trond brukt ein del tid på spesifiseringa, og Sjur har brukt noko tid på å hjelpa Børre med visse sider av det dokumentasjonssystemet prosjektet bruker.
  • tekstinnsamling: Børre har skrive eit brev til potensielle teksteigarar, og samla inn adresser. Brevet er til omsetjing, og fleire adresser vil bli samla inn etter kvart.
  • korpusorganisering: Tomi har fått ansvaret for å byggja opp infrastrukturen for det innsamla tekstmaterialet, i samarbeid med Børre, Sjur og Trond.
  • seminar: fire av fem prosjektdeltakarar var samla i Kautokeino i byrjinga av januar for meir opplæring og gruppearbeid. Samlinga fungerte godt, og gjorde at det lingvistiske arbeidet kunne byrja i praksis, samt at viktige delar av dokumentasjonssystemet kom på plass.
  • SALETEK: Børre og Sjur var med på SALETEK-seminaret som vart halde i etterkant av prosjektsamlinga. Dei heldt kvar si innleiing, Børre om arbeidet med å laga ein samisk versjon av Skolelinux, og Sjur om Divvun-prosjektet.
  • Lingvistisk arbeid: Thomas har kome godt i gang med det lingvistiske arbeidet, og har særleg sett på adjektivbøyinga, samt ord som ikkje blir gjenkjent av den lingvistiske modellen i dag. Maaren har ikkje hatt mykje tid til å delta i prosjektet, men vil arbeida ei veke i Tromsø i lag med Thomas og Trond.
  • Termbasen: ein del tid har særleg Sjur, men òg Tomi, brukt på termbasen. Sidan dette arbeidet ikkje høyrer til Divvun-prosjektet, vil det bli rapportert separat.

Tekniske problem

I januar har prosjektet vore plaga med tekniske problem med nettverket til Sametinget. Problema har vist seg som 1) svært upåliteleg oppkopling mot Internett og mot det sentrale datalageret i Tromsø; 2) ikkje tilgang til diskusjonsgruppa for dei som sit på Sametinget; 3) problematisk tilkopling til delte / felles dokument under prosjektmøte; og 4) manglande oppkopling med video- og talekonferanseprogramvare. Alt dette fungerte under oppstartsseminaret i desember.

Problema har vorte rapportert til IT-folka ved Sametinget, og delvis til IT-avdelinga ved UiTø. Pr. i dag er situasjonen betre for Thomas for punkt 1) og 3) over, men framleis svært problematisk for Maaren.

Framdrift

Prosjektet er stort sett i rute, men nokre av oppgåvene til prosjektleiaren er forsinka pga arbeidet med å gjera ferdig terminologibasen. Dette gjeld prosjektplanen, og arbeidet med å skriva ein spesifikasjon for eksterne leverandørar for dei delane som skal leggjast ut.

Last modified: $Date: 2005-09-06 13:33:29 +0200 (tir, 06 sep 2005) $, by $Author: boerre $

by Sjur N. Moshagen