Font size:      

Meeting_2005-10-04

Møte i styringsgruppa - referat

Tid: 4.10.2005 kl. 09.00-12.00.

Sted: Sametingets møterom i Kautokeino.

Revidert saksliste

  • Sak 1/05 - Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Sak 2/05 - Kort orientering om prosjektet
  • Sak 3/05 - Revidert prosjektplan
  • Sak 4/05 - Gjennomgang av anbudsprosessen og utkast til spesifikasjon
  • Sak 5/05 - Plan for permanent driftsorganisasjon
  • Sak 6/05 - Prosjekt for sørsamisk stavekontroll
  • Sak 7/05 - Eventuelt

Presentasjonsrunde

Til stades:

  • Sjur N. Moshagen (prosjektleiar)
  • Bjørn Olav Megard (dept)
  • Marit Nilsen (UiT)
  • Anne Britt Hætta (SD, leiar)
  • Per Edvard Klemetsen (SD)

Til og med sak 2:

  • SD-team for Divvun:
    • Marit Murud
    • Berit Karen Paulsen
    • Maaren Palismaa (òg prosjektmedarbeidar)
  • Børre Gaup (prosjektmedarbeidar, gav demonstrasjon til Sak 2/05)

Sak 1/05 - Godkjenning av innkalling og saksliste

Fyrste innkalling sendt 31.8., med fem saker. Ny innkalling sendt ut førre veka, med to nye saker: permanent driftsorganisasjon, og prosjekt for sørsamisk stavekontroll.

Innkalling godkjent.

Saker under Eventuelt

Bjørn Olav Megard: Orientering om Unicode og CLDR.

Sak 2/05 - Kort orientering om prosjektet

Per Edvard:

Godt med eit prosjekt utan store problem.

  • korleis er det samiskspråklege samarbeidet og kompetansen?
    • det store spørsmålet er knytta til responsen frå dei normative organa. Det nordiske organet (språkstyret?) skal snart ha møte, då vil vi sjå korleis samarbeidet fungerer i praksis.
  • korpusinnsamling:
    • det norske kartverket "etter" det finske og svenske
    • samiske forlag: Davvi Girji er usikker, Iđut er svært positiv
    • Forfattarforeininga: dei har bede om demo på eit styremøte, det vil vi gje dei
    • NSI: er positive, ventar på kontrakt frå oss
    • Det finske sametinget: har sagt ja, det same har Metsähallitus
    • NRK Sámeradio: er positive (frå prosjektplanlegginga), har ikkje vorte kontakta
  • Norge Digitalt: bør SD inn som partnar? Det er meir enn Divvun-prosjektet som kan ha nytte av kartdata, særleg i samband med Finnmarkslova
    • Bjørn Olav pratar med Øystein Johannessen om dei samiske stadnamna og parallellføringar

Halvårsrekneskapen vart gått gjennom, og avvik frå budsjettet kommentert.

Sak 3/05 - Revidert prosjektplan

Godkjent.

Sak 4/05 - Gjennomgang av anbudsprosessen og utkast til spesifikasjon

  • Prosessen: Godkjent. Datoane kan vurderast og justerast, så lenge heile tilbodsprosessen er ferdig innan utgangen av fyrste halvår 2006.
  • Kvalifiseringskriteria: godkjendt.
  • Utveljingskriterium:
    • Døyp om punkt 3 til leveringsdyktigheit, og inkluder ... xxx
    • I punkt 5 inkluder langsiktigheit både mot SD og MS.
    • Fjern vektinga av pris - han er ferdig skalert
    • bruk poeng i staden for prosent
    • innfør analoge skalaer, eller i det minste nokre delnivå.
    • Nytt utkast til styringsgruppa per e-post
  • Ekspertar på offentlege tilbod bør sjå over dokumenta og prosessen vår. Bjørn Olav og Anne Britt finn slike.
  • Leveransar: godkjent (men be Audun Lona sjekka, og sjekk InDesign)

Det må inn at dei ferdige produkta skal leggjast gratis ut på nettet, og at det er SD som har opphavsrett til alt (med unnatak av proprietær teknologi). Vi vil ha opsjon på nye produkt (jf sørsamisk). Treng vi ny utlysing? Sjekk! Det vil vi ikkje - vi vil ha kontinuitet, så skriv det inn. Kva med taleteknologi? Rett men ikkje plikt til å bruka same firma.

Vi bør òg leggja inn ein funksjon med automatisk brukartilbakemelding (dvs brukarordlister sendt automatisk etter godkjenning av brukaren) som krav i kravspekken.

Sak 4 ferdig.

Sak 5/05 - Plan for permanent driftsorganisasjon

Dersom det kjem inn nye personar (og det må vi delvis føresetja), bør start vera 1. juli 2007. Bør opp på plenum i desember, som ønske for 2007.

Forslag til plan godkjent, og blir sendt vidare.

Sak 6/05 - Prosjekt for sørsamisk stavekontroll

Forslaget godkjent, og blir sendt vidare.

Sak 7/05 - Eventuelt

Bjørn Olav Megard:Unicode og CLDR

Kort orientering om CLDR og standardisering. Sjå www.unicode.org for fleire detaljar.

Arbeidet med nordsamisk på norsk side blir no prioritert, og dei andre språka/landa kan seinare hengja seg på med utgangspunkt i det som alt er gjort for nordsamisk. Både Audun Lona og Håvard Hjulstad er sentrale i arbeidet.

Neste møte, budsjett for neste år

Budsjettet blir godkjent av leiar for styringsgruppa.

Neste møte: ca. februar, koordinert med tilbodsrunden.

Møteslutt

Møtet vart avslutta ca kl. 12.35.