UiT > Divvun
 
Font size:      

Framdriftsrapport for Divvun

Nr 6, mai 2005

Gjennomført arbeid

I mai 2005 har arbeidet vore fordelt på desse hovudpunkta:

  • Dokumentasjonssystemet: det var meir teknisk arbeid med å setja opp universitetsservaren enn vi trudde. Kombinert med at vår mann på universitetet var borte ein del i mai, fekk vi ikkje opna nettstaden enno. Men arbeidet går framover, og vi har no bestemt at vi opnar www.divvun.no samtidig med språkavdelinga sin termbase, www.risten.no, dvs. på språkstyret sitt møte 22. juni.
  • tekstinnsamling: Vi har no fått to eksisterande avtaletekstar (avtale som regulerer tilhøvet mellom teksteigarane, dvs. forfattarar og forlag, og dei som samlar inn tekstane for språkteknologiske og andre formål, dvs. Sametinget) som vi kjem til å granska og samanlikna: ein tekst frå UiO, og ein tekst frå Helsingfors Universitet. Den siste teksten er på finsk, og må omsetjast til norsk før vi kan byrja arbeidet. Sjur har vore på møte med Prof. Kimmo Koskenniemi, og gått gjennom den finske avtaleteksten, samt fått ei innføring i heile lisensmodellen, og korleis han er meint.
  • korpusorganisering: det har ikkje skjedd så mykje med korpusinfrastrukturen i mai, anna enn litt finpuss. Infrastrukturen ventar no mest på at vi skal få tekstar, slik at vi kan byrja å bruka han.
  • Lingvistisk arbeid: Arbeidet med nordsamiske verb vart langt på veg ferdig i mai. Vi har byrja å diskutera arbeidet med lulesamisk (sjå meir om det nedanfor).
  • Termbasen: Termbasen tok òg noko tid i mai: det er no bestem at han skal opnast 22 juni (på språkstyret sitt møte, med pressemelding og -konferanse), og dei feila som fanst skulle rettast, og heile nettstaden skulle gjerast klar for den offisielle opninga. 18. mai vart termbasen opna for intern bruk på Sametinget (betatesting), og i byrjinga av juni vil vi få ein ny servar som databasen vil liggja på (ein vesentleg raskare servar). Arbeidet med å redigera og leggja til termar byrja i mai.
  • Prosjektsamling: vi hadde ei samling med heile prosjektgruppa i Kautokeino siste veka i mai. Samlinga vart litt redusert pga. at prosjektleiaren vart sjuk på reisa, men vart bortsett frå det svært vellukka. Dei viktigaste emna på samlinga var:
    Halvårsevaluering:
    Alle var svært nøgde med det fyrste halvåret, og vi har nådd dei fleste måla vi sette opp: sett opp infrastrukturen, og fått etablert ei fungerande prosjektgruppe, samt gjort mykje lingvistisk grunnarbeid. Det som ikkje vart gjort slik det var planlagt var spesifiseringa av dei tenestene som skal kjøpast inn, og det å få laga ein detaljert prosjektplan. I begge tilfelle har arbeidet vorte forseinka pga prosjektleiaren sitt arbeid med termbasen, slik det har vorte rapportert tidlegare (sjå i tillegg siste punktet i denne rapporten).
    Lulesamisk:
    Vi må no byrja arbeidet med lulesamisk, og på samlinga gjekk vi gjennom det som skal gjerast, og laga ein omtrentleg plan for det nærmaste halvåret. Mykje av denne planen er avhengig av når vi får tilgang til ordboksmaterialet til Anders Kintel. Kintel har heile tida vore positiv til samarbeid, men vil gjera seg ferdig med manuskriptet før vi kan få ein kopi. Manuskriptet skal bli ferdig til hausten. Det finst jamvel ein god del arbeid som kan gjerast uavhengig av Kintel sitt materiale, og Thomas Omma vil byrja med det så snart han er ferdig med gjennomgangen av nordsamiske verb.

Framdrift

Som nemnt i avsnittet over om halvårsevalueringa, er vi i rute, med unnatak av dei to punkta som etter kvart har vorte gjennomgangarar, arbeidsplan og tilbodsspesifisering. I og med at vi no nærmar oss den offisielle opninga av termbasen, byrjar det å merkast at arbeidet der blir mindre, sjølv om eg reknar med ein ny topp dei to siste vekene før opninga. For å ta att den tapte tida føreslår eg fylgjande for tilbodsspesifiseringa:

  • spesifiseringa blir ferdig til møtet i styringsgruppa i september
  • styringsgruppa går gjennom og godkjenner spesifiseringa, til liks med ein gjennomgang av heile tilbodsprosessen
  • det offentlege tilbodet blir lagt ut rett etter møtet i styringsgruppa
  • frist for innkomne tilbod kring midten av november
  • forslag til leverandør blir lagt fram for styringsgruppa på neste møte (i januar?), som gjer endeleg vedtak.

Eit vedtak i januar er 3-4 månader seinare enn opphavleg planlagt, men eg trur det både er bra og riktig at både tilbodsteksten (spesifiseringa) og det endelege innkjøpsvedtaket blir forankra i vedtak frå styringsgruppa. Det arbeidet som blir mest påverka av at samarbeidet med leverandøren/leverandørane blir forseinka, vil vera arbeidet med å definera eit nytt leksikonformat, og konvertering frå leksikonformatet (og resten av den lingvistiske modellen får) til det/dei firmaspesifikke formata vi må levera til. Når det gjeld leksikonformatet vil vi kunna møta ei mogleg forseinking med å invitera alle interesserte partar, inkl. firma, til å kommentera arbeidet vårt og koma med forslag til endringar og forbetringar føre og uavhengig av kven som får leveransen.

Med ein revidert plan som skissert over, burde vi vera i rute i høve til den opphavlege timeplanen om eitt års tid, dvs neste sommar.

Last modified: $Date: 2005-06-23 10:45:11 +0200 (tor, 23 jun 2005) $, by $Author: sjur $

by Sjur N. Moshagen